Ørsta kommune

Småjobbsentralen i Ørsta vil vere med å skape ei koseleg førjulstid og inviterer alle i kommuna til å delta på «sammen i desember» – vi vil oppfordre alle innbyggjarane og samtlege lag og organisasjonar til å arrangere ulike skravletreff, om det er gåturar, telefonsamtalar, videosamtalar eller eit møte over ein kaffikopp. Småjobbsentralen og Møteplassen har gåturar kvar måndag frå 12.30, her er alle velkomne til å delta, det er bere å møte opp. Vi startar frå Viketunet, Berte Kanuttevegen 4. Møteplassen er open kvar dag, man tys, tors og fre frå 8.30-15, og onsdagar 11.30 – 19:00. Her kan du kome innom for ei hyggjeleg skravletreff. Vil du vere med å gå søndagar mellom 14-16? Vi kan gjere det saman! Om dei som er ute å spaserar, i nabolaget, sentrum eller turområde, seier hei til kvarandre eller møter kvarandre med eit smil eller eit blikk, kan vi gjere mørketida litt lysare, og førjulstida litt koslegare. Kva med å ringe ein venn når du er ute å spaserar, eller ein nær eller fjern slektning? Vår erfaring er at dei aller fleste set pris på ei helsing og ein samtale. Lukke til!